Jätä sisältö väliin

Puistot ja luonto paikassa Sognefjorden

Parhaat puistot

Puisto
“Denne flotte 2-dagars-turen bør ein ikkje gå glipp av under eit besøk i Stølsheimen landskapsvernområde! Eit fantastisk landskap i kupert terreng med mange vatn og idylliske stølar og stølshus. Stølsheimen er det perfekte turområdet for familiar og andre! Rute: Bjergane – Selhamar - Åsedalen – Rapen – Selhamar Bjergane-Selhamar: ca. 2 timer Selhamar-Åsedalen: 4-5 timer Åsedalen-Bjergane: 4-5 timer Total turtid: 2-3 dagar Total lengde: ca. 36 km Gradient: Frå 885 m til 1060 m o.h. Tilkomst: Med bil frå Vik eller Voss via Rv13 Vikafjellet. Ta av mot vest ved Skjelingen, anleggsveg mot Kvilesteinsvatnet (bom-veg 50 kr). Eller med buss frå Vik eller Voss (Rute 23-503). Gå av bussen ved Skjelingen og gå anleggsvegen til Bjergane. Meir informasjon: www.ruteinfo.net Gratis parkering ved Bjergane. Avstandar: Frå Voss 53 km, frå Vik 32 km, frå Bergen 150 km Overnatting: Turen kan bli anbefalt med to overnattingar på turisthyttene Selhamar og Åsedalen. Meir informasjon om turisthyttene i Stølsheimen: www.bergen-turlag.no Frå Bjergane går turen gjennom Raudbergdalen og forbi Gryteberget, der folk før i tid karva ut gryter i kleberstein - nokre uferdige står framleis att! Her i frå er det ikkje langt til den sjølbetente turisthytta Selhamar. Frå Selhamar fylg ein skiltinga til Åsedalen. Ein kjem forbi Raudberget og langs fleire vatn, t.d. Rappavatnet, Geitdalsvatnet og til slutt Hallsetvatnet med stølen Halsetdalen att med. Derfrå går turen vidare til turisthytta Åsedalen (sjølvbetent) på 800 moh. Frå turisthytta går ein vidare opp Åsedalen og så mot nordaust opp Grautaleitet. På vegen til stølen Rappen går stien opp på 1060 moh. På veg ditt kan ein velje mellom stien som går mellom Killingdalseggi og Jørendalseggi, eller ruta gjennom Dyredalen langs Store Rappavatnet (ikkje merka, men tydeleg sti). Frå Rappen går stien tilbake til Bjergane. Ein treng fiskekort for å fiske i vatna. Du får det ved bomen i Skjelingen, på turisthyttene og ved Gamle Trevaren i Vik.. Ver forberedt på all slags ver og gå aldri åleine!”
  • 2 paikallista suosittelee
Campground
  • 1 paikallinen suosittelee

Hiekkarannat

Beach
  • 1 paikallinen suosittelee
0